Voxing vart danna i 1988 av ein gjeng som tidlegare song i Star Sing. Som dei fleste kan forstå, vart det for hardt å greie seg utan kor, og vanskeleg å finne Ten-sing stilen blant vaksnekora som allereie eksistert. Løysinga vart "eige" kor med dirigent og primus motor Sigurd Eriksen.

Voxing ynskjer å formidle den kristne bodskapen i ein frisk stil. Det meste vi syng er gospel, men vi meistrar godt andre stilar òg. Vi har blant anna mykje som er komponert og/eller arrangert av dirigenten vår, Håvard Sveås. Vi er knytt til KFUK/KFUM, og har øvingsstad på Borgund vgs i Spjelkavika.

Etterkvart har det kome til - og falle frå - medlemar, og vi er no 38 medlemar i det ein må kalle ei normalfordeling for blanda kor; ca 1/3 menn og resten damer! Det trengst sangglede - og litt vilje til å gå på øving etter ein lang onsdag, men vi garanterer at du går heim med fornya energi! 
Ta kontakt via epost om du er interessert. (Sjå peikaren "Kontakt oss" for meir informasjon.)