Aktivitet i Voxing



OPPDATERING!

Konserten er utsett til UTSETT til hausten 2021 ( og har fått førebels nytt namn til "Ein betre vår - ein gong") . Er vi heldige kan det kanskje verte konsert med PUBLIKUM!

Tusen takk til Sparebanken Møre som lar oss få lenger frist med gjennomføringa!

I kveld vert det siste korøving for våren - på Zoom. Måtte vi alle få lov å møtast ansikt til ansikt når nytt korsemester byrjar!



Aktiviteten i Voxing har vore liten siste året, som med så mange andre. Vi rakk ein konsert første februar 2020 på Kirkens Bymisjon i Ålesund, så vart det slutt.

Vi tok øvingspause før regjeringa stengte Norge i mars 2020. Så prøvde vi oss med nokre øvingar hausten 2020, med sprit og tommestokk, men fekk nytt avbrudd. No på våren har vi hatt litt øving på Zoom, og får i all fall sjå litt av kvarandre - og Håvard. Vi har fått gjennomført nokre "småøvingar", der 9 koristar har fått vere saman med Håvard, og resten har vore med på Zoom. Fantastisk å få oppleve å synge saman, sjølv om det var få!

No har Sparebanken Sunnmøre tilbode seg å dekke kostnadar til gratiskonsertar med kor og korps, og vi takkar og bukker. Det vert gratis digital vårkonsert på Facebook med tittel "Ein betre vår". Vi skal synge saman.